19. januar 2009

Eit land i endring.

Elfenbeinskysten, trur vi, er sakte på veg frå krig til fred. Denne prosessen medfører også konsekvensar for oss som misjon. Opprørarane har i dag husa våre. Når skal vi få dei tilbake? Og korleis skal vi kunne ta vare på dei slik at det vesle vi har igjen ikkje blir plyndra?

Ein annan konsekvens som tør vere kjent for mange, er at den lokale radioen i Man som sendte sendingane våre på mahou, vart lagt ned. Fleire som arbeidde der gjekk over til den nye radioen som vart etablert med staten i ryggen. På fredag fekk vi kontrakta frå dei og har no fått skreve under på den og ventar at vi igjen kan få sende til mahouane i nordvest. Kanskje allereie frå februar….

Nasjonalt ventar vi på dei mange som skal gje frå seg våpna og som må finne seg nytt arbeid. Ikkje alle er villige til det. Mange sår må lekast og ny tillit byggjast opp. Eg var innom eit offentleg kontor i Odienné (heilt nord i landet) som var blitt herja under krigen. Fødselsattestar og alle andre offentlege papir låg berre i store dungar på golvet. Nokre få funksjonærar var komne tilbake for å starte oppryddinga. Fødslar og giftarmål som har skjedd desse åra er ikkje registrert. Alle identitetspapir har gått ut på dato og registera er i stor grad mangelfulle.

Rykta går no på at valet først blir i 2010. Avvæpninga ligg langt etter planen, og sjølv om den skulle skje med eit byks no, vil det neppe bli val i år. Mange av vegane rundt i distrikta er i dårleg forfatning etter 6 år utan verkeleg vedlikehald. Difor vil valet truleg bli halde etter at vegane er reparerte etter neste regntid som sluttar i november………….

Ingen kommentarer: