22. januar 2009

Fine kanapear

er det også i Afrika, men det er ikkje så ofte vi misjonærar er til stades i desse. Og heldigvis slepp vi dei når vi skal utvide prosjektaktivitetane våre til nye bydelar. Men litt stas skal det jo gjerast likevel.

Av og til (eller ofte?) blir vi kritisert for å blande bistand og religion. Eg trur nok vi som kristen misjon heller ligg for langt vekke her. Islamsk bistand ville neppe gjere det tilnærmingsvis i den grad som vi gjer. Og her var det utenkjeleg å setje i gang aktivitetane utan velsigning av ein imam. Er det nokon grunn til at vi ikkje kunne bruke ein pastor? Er Guds velsigning mindre verd eller farligare?

Programmet (skulle) starta kl 08.00 med at folk skal begynne å innfinne seg. Det går i etappar til vi (prosjektet) skal møte opp kl 10.00 – 10.30 (eller der omkring). Så skal ordføraren komme noko seinare, før det heile kan begynne. Vi veit jo ikkje når det blir så vi ventar på kontoret til dei ringer for å sei at det er klart til at vi kan komme. Og som sagt så gjort. 10.30 kom tlf og kl 11.00 var vi der, då gjekk det berre ein ½ time før varaordføraren kom. Uttrykket at «tida kjem» og motsetnad til «tida går» viser seg igjen å vere riktig. Her ser vi igjen respekt for autoritetane som nesten er vekke i vårt eige samfunn.

Så var det seremoniar med helsingar og talar og litt kulturinslag. Vi snakka om det, og her ser vi at kanskje vi som misjon kan komme sterkare på banen for i samarbeid med prosjektet komme med kristne kulturinnslag (kristen song i staden for profan). Til slutt var det overlevering av materiell for HIV/aids delen og vise det som skal brukast til alfabetisering.
komitemedlemmane
Etter sjølve samlinga var det brus til spesielt utvalte, akkurat den utvelgelsen er ikkje like lett å svelgje.

Vel, slik er livet her, og det må vi finne oss til rettes med, elles kan vi like godt pakke kofferten. Det er i denne kulturen vi er no. Det er ingen her som kavar seg opp for noko slikt. Og når ein veit det planlegg ein også ut frå det og har andre ting å gjere på i ventetida. Så vil mange sei at det bremsar utviklinga. Ja, kanskje det. Men utviklinga mot kva? Magesår, stress og bekymringar for at nokon skal stele dei goda ein har? Vi ser jo at Afrika i langt mindre grad er råka av den verdsomfattande finanskrisa. Kanskje blir dette den nye gullalderen, og får vi på toppen no ein stor solstorm som slår ut mykje av detn teknologiske infrastrukturen vil det vere vi kvite som igjen er taparane.

Ingen kommentarer: