2. oktober 2008

Gud har av og til andre planar

Av og til skriv vi om ting vi ser er i ferd med å skje, så går det nokre timar, dagar eller mnd og vi er framleis like langt. Vi har lenge bedt om å få ein nasjonal kristen som kan busetje seg i Dioman. Samuel var der ei god tid før han døydde.

Vi trur han fekk gjere ei stor bønnegjerning der. No har vi ingen fastbuande. Enok har vore der fleire turar. Då er han også innom Pastor Pierre i Ouaninou og hjelper han med alt frå massasje til å lage hønsehus.

(Kyrkja i Dioman)

Vi hadde likevel håpt å få nokon av våre nasjonale kristne i området til å reise til Dioman. Abraham var ein av dei vi trudde skulle få reise. Men det vart ikkje slik. Då faren døydde, reiste han til sin heimelandsby og busette seg der. Han trudde Gud kalla han til Dioman, men det ser ikkje ut til å bli i denne omgang. Då eg snakka med Enok i Abidjan sist tur, var det dette som var det store samtaleemnet vårt.

Abraham har no åker i landsbyen til faren, har eit veldig godt rykte på seg og får vere den som tek seg av ting som må tiltruast nokon der. Han har også eit godt vitnesbyrd etter det vi høyrer. Den første etterfølgjaren har han også fått i landsbyen. OG her er det verken kvite pengar eller utsikt etter arbeid som ligg til grunn for interessa. Er dette vegen til Dioman? Landsbyane ligg ikkje langt frå kvarandre og han har også fått vore der saman med Enok nokre gonger, og Enok har besøkt han heime i landsbyen.

Så hadde vi unge Morry som vi håpte skulle får reise til Dioman.

Pastoren vår ville ha han dit, men nei, han fekk ikkje reise fordi han var den einaste av sønene som var ein trufast og god arbeidar. Han er difor også den einaste av ungane som får lov til å bruke farens nye motorsykkel. Og den brukar han når han skal ut på åkeren for å arbeide eller ha oppsyn med åkeren. No er det mindre med innleitt arbeidskraft på faren sin åker, så han er no eit vitnesbyrd der heime med faren.


Må innrømme eg får frysningar i kroppen når eg prøver å gje dette vidare til deg som lesar.

Vi ber og har tankar om korleis Gud bør ordne tinga, men han har sine vegar. Og som så mange i skriftene (Moses, David, Paulus m.fl) er det ein lang veg til den tenesta Gud vil bruke dei til. Han har ufatteleg god tid og høge tankar som eg ofte ikkje fattar. Men så gjennom nokre glimt ser vi Han får etterfølgjarar som vi ikkje hadde drøymt om. Ver med å be spesielt for desse tre!

Jon Ivar

1 kommentar:

Anastácio Soberbo sa...

Hello, I like this blog.
Sorry not write more, but my English is not good.
A hug from Portugal