19. oktober 2008

Kva gjer vi i Abidjan?

I Noreg ser vi at opplysningsarbeidet om HIV/aids er tungt. Haldningane kan sjå ut til å vere at dette gjeld då ikkje oss, men er eit problem for homofile og prostituerte.

Noko av den sama haldinga finn vi her også, spesielt på landsbygda. Likevel er det nok lettare å nå fram med bodskapen. Og når ein har samlingar om dette, kjem folket i nabolaget for å ta del i opplysningskampanjane. Kor vidt det får konsekvens for livet deira er ikkje like lett å måle. Men vi ser at størstedelen av folket får kjennskap til smittemåtar.
Alle aktivitetane skjer i samarbeid med leiarane i bydelane
Dette er ei av oppgåvene våre her i Abidjan. Vi ser det er greitt å komme med bodskapen. Eg trur det er ei viss erkjenning av at det er eit problem, sjølv om det nok i første rekkje gjeld dei andre. Eit av dei største problema er nok stigmatiseringa av dei som er smitta. Folk trekkjer seg unna. Dei som blir lagt inn på sjukehus kan bli forlatt, kanskje i avmakt, i redsel for den økonomiske kostnaden eller kanskje ikkje minst for frykta for å bli smitta.

Har du nokon gong testa deg? Du som har født dei seinare år har gjort det veit eg, men dåke som ikkje har gjort det! Kunne du tenkje deg å gjere det, frivillig, sjølv om du trur det er liten grunn til det? Eg har måtta gjort det etter to opphald i Afrika. Men eg trur det sit langt inne for dei fleste av oss, ei slags frykt. Ikkje som kreft der vi kan bli friske om vi oppdagar det tidleg, men noko vi må leve med resten av livet og som lett set grenser for korleis vi omgås andre på, eller kanskje enno meir for korleis andre omgår oss på.

Vi har dette som sagt i prosjektet, men også blant dei som arbeider med dette ser vi det er ei barriere å ta denne testen. Her er det ofte misjonærane og dei som arbeider med slike pasientar som blir dei næraste på slutten av livet, korleis er det der du bur…………………

Her håper vi å kunne gje dette arbeid eit positivt forteikn og at vi kanskje saman med radioen og evangelisten vår her i Abidjan kan gje eit glimt av himmelen og Guds ynskje om å ta dei i si famn. Be gjerne om at vi må få finne gode samarbeidsmåtar slik at dette kan bli eit integrert arbeid.

Ingen kommentarer: