24. oktober 2008

Stupebrett

Det er ei spennande tid vi lever i. På mange måtar kanskje urovekkjande. No som vi bur i eit av det fattigaste landa i verda ser ein enno klårare kva pengar kan gjere med folk og land.

Mali er 4 gonger så stort som Elfenbeinskysten, men har 37 % færre innbyggjarar. Dei har under halve brutto nasjonalprodukt pr innb i høve til Elfenbeinskysten, men har 4 år høgare forventa levealder. Dei har mykje færre materielle gode, men mykje større takksemd og er mindre kravstore.

Vi ser også at når prisane stig, er det i Abidjan og ikkje i Bamako vi får opptøyar og store demonstrasjonar.

Dette innlegget tek utangspunkt i ein tanke utan store forsøk på å kome attende til ein konklusjon

Heime på berget er folk i harnisk over ein bensinpris på over 6-7 min arbeidstid pr liter, mindre enn sikkert mange brukar på internett eller anna ikkje-jobbrelatert arbeid i timen. Her kostar bensinen 1-4 timars arb pr liter.

Så det er bra vi held Noreg fritt for innvandrarar som er viljuge til å gjere det arbeidet vi sjølv ikkje gjer lenger og som berre sender pengane sine til heimlandet. Du har sikkert fått med deg at dei sender meir pengar heim enn det som blir gjeve i uhjelp, og at vi sel varer og/eller tener meir på industri (Statoil m.fl) i fleire av desse landa enn det Noreg gjev i uhjelp.

Kva gjer vi for å nå dei med evangeliet heime. Med eller utan dårleg misjonsøkonomi er dette noko du kan gjere noko med. Handle i ein innvandrarbutikk og skape eit venskap, helse på dei når du møter dei på biblioteket, i butikken, legekontoret eller tør du sitje ved sidan av dei på bussen??????

Må av og til gripe meg sjølv i å tenkje på kvifor driv vi misjon der vi gjer……? Og kva er det å drive misjon………? Og ikkje minst: Kvar er mitt kristne sinnelag i møte med samaritanarar, farisearar og tollarar?
jonvar

1 kommentar:

Anonym sa...

Tankevekkande... Sjølv om me bur i flotte hus skulle me vore meir " telt-engasjerte" misjonærer heime, ja.

Sviger's