11. september 2008

11. september

Ein dag til ettertanke for mange og det for ulike grunnar. I familien, kollegiet og venekrinsen vår har vi fleire som har fødselsdag i dag.

Sjølv var eg på den amerikanske ambassaden i dag og fekk vere med på 1 min stille til minne om offera frå terrorangrepa i USA. Dagens utgåve av «Le Griot» som er nyhendeavisa frå den amerikanske ambassaden, hadde ein artikkel om «Patriot Day», erklært av President George W. Bush.
For oss som var i Elfenbeinskysten har dagen enno ein annan klang. Det var den dagen, også det i 2001, vi opplevde det siste av ei rekkje ran mot misjonen i Ouaninou og områda kring. Etter det vart det vedteke at misjonærane skulle flytte frå Ouaninou og Koonan. Det vart også første steg på nedtrappinga av misjonærtalet for vår misjon her i Vest-Afrika. Sidan kom borgarkrigen i 2002 og opprøret i 2004.

Så denne dagen har gode minner for svært mange, med ei stadfesting på livet, gjeve oss av Gud. Men vi har og minne som viser oss synda sin plass i denne verda. Tenk om du og eg kan få vere med på å spreie litt meir av Guds kjærleik til dei mange som er på leit………..

Ingen kommentarer: