6. september 2008

Saum i månaden Ramadan

Ramadan flytter seg frå år til år. Dei fleste vart kanskje merksame på det då det vart klart at OL i London blir midt i fasta. I år starta den 1. september her i Mali.

Det er litt som jula i Noreg, alle er opptekne av den og dei spør gjerne om vi fastar. Mange veit at dei kristne også gjer det, og så er samtalen i gang. I dag fekk eg ein slik samtale med ein av dei som sit utanfor huset vårt og drikk te kvar dag. Så sjølv om eg ikkje står direkte i evangelisk arbeid fekk vi i dag snakka om at Gud har ordna alt og at alle som tek imot og trur skal få del i Guds nåde. Det er ikkje avhengig av Allah’s lunefulle vilje (Insha’Allah).

Har du forresten fasta nokon gong, td i fastetida før påske? Og kva er eigentleg kristen faste, er det noko forskjell frå muslimsk faste? Det blir ein av dei tinga ein må tenkje gjennom når ein bur i eit muslimsk lad, og kanskje du har muslimske vener.

For meg blir den store forskjellen at i Islam er det ei plikt ( den tredje av fem søyler) medan i kristendommen er dette ei forsaking ein frivillig gjer for å stengje ute noko meir av det som opptek i kvardagen og vanskeleg gjer vår kontakt med Gud. Like viktig som å halde seg vekke frå mat kan då vere fråvær av internett, underhaldning osv for å bruke tida til bøn, lovsong og bibellesing. Her har vi helit sikkert noko å lære frå våre afrikanske søsterkyrkjer.

Ingen kommentarer: