23. oktober 2007

Pastor Pierre reiser tilbake til Ouaninou/Touba.

Etter 7 mnd sjukeleie, derav dei 3 siste i Abidjan, er Pierre no klar for å returnere til Ouaninou/Touba. Han er erklært frisk etter å ha blitt sjekka både med skanner og MR. Blodprøvene viser framleis høgt blodtrykk og han går på diett for det. Kosthaldet er ikkje som i Noreg, ei heller medisinering. Både pris og tilgang i opprørssona kan vere ei utfordring.

Det er likevel ein lang veg for han for å komme tilbake i den aktivitet har var i før slaget 1. påskedag i år. I starten kunne han ikkje snakke tydeleg, men det har kome raskt tilbake. Hugs og kunnskapen er også på plass. Men han har mykje trening framfor seg for å kunne gå slik han gjorde før. Og kanskje enno meir for å trene opp høgre armen slik at han kan skrive (førebu preiker ol.) og kjøre moped for å komme seg rundt i landsbyane.

(pastor Pierre i Trondheim under GF - 06)

No er retur planlagt komande måndag, den 29. Som utlending (frå Mali) må dei ofte betale mykje for å komme gjennom politipostane på vegen. Røvarar er det også ein del av, spesielt på nattetid. Ver med å be for turen og tilbakekomsten til Ouaninou. Pierre har vore vekke sidan april.

Saman med han reiser Enok, ein pensjonist frå Bambarakyrkja i Abidjan. (Sjølvstendig nasjonal kyrkje med mange frå Mali og den kyrkje Pierre høyrer til i.) Enok skal vere i Dioman ein mnd og blant anna oververe minnesamværet etter Samuel, som døydde i juli i år. Etter at han reiser veit vi ikkje kva vi skal gjere med arbeidet, kyrkja og husa (misjonsstasjonen) i Dioman. Det var Samuel som tidlegare hadde ansvar for alt dette.

Ingen kommentarer: