7. oktober 2007

Time out

I går var det generalforsamling på skulen til H & H. Det er kjekt å vere saman med misjonærar frå andre misjonar, og for meg er det jo kjekt å få sjå elevane og kven som arbeider på skulen.

Nokre av foreldra møter eg igjen i ulike samanhengar i byen, andre treff vi på søndagsskulen. Vi er ein stor familie som er med og forkynner Guds ord. Heldigvis er det ikkje utvatna slik vi les om frå bispemøtet i Norge. Trur ikkje mange ville klart å rive seg laus frå Islam med ein så liten Gud (kanskje med liten g).

Etter eit par-tre timar her, gjekk vi ut for å ete og bade. Då vi kom til hotellet var det faktisk 7 andre norske der (NLM og Normisjon). Det var kjekt!

I dag har vi også teke det med ro. Etter søndagsskulen har vi nytt varmen heime i eige hus. 33 grader inne og 36 ute. Kjenner vi ikkje heilt er dus med den enno. Heldigvis går nattetemperaturen nedover etter kvart....... Kan ikkje sei anna enn vi gler oss til det :)

Ungane er i seng. Håpar dei søv snart slik at vi vaksne kan kjøle oss ned med nokre svømmetak i bassenget.

Jon Ivar

6 kommentarer:

Anonym sa...

Hei. Kjekt å se at dere har det bra. Vi har det flott i Mongolia. Mens dere har det godt og varmt, har den første snøen kommet her (til stor jubel fra barna). Sjekk bloggen vår på http://web.mac.com/hiberg
Morsomt å følge med dere.
Hilde og Kai Ove

Jon Ivar sa...

Hei, ja vi er inne på bloggen, men den er litt tung å laste ned (bilder med høg oppløysing?). Har også lenkje til den på sidene våre.

Elisabeth og Jostein Sæth sa...

Heisann!

Høres ut som om livet i Bamako er kjekt for både store og små. Må si dere er suverene med oppdateringer. Vi følger daglig med, og leser med stor interesse.

Hils alle de kommende kolleger!

Jostein

Jon Ivar sa...

Kjekt å høyre! Kan ikkje love vi klarer like mykje heile tida. Vi føl med dåke òg. Gler oss til de kjem ut :-)

jonivar

Anonym sa...

Hei der nede i varmen. I dag kom den første snøen. Våknet med et hvitt teppe på bakken. Jeg trodde det skulle forsvine fort, men det har bare snødd og snødd siden. Jeg er ikke glad for det, men det er barna. Jeg skulle gjerne hatt 36 pluss grader ute, det hadde passet meg mye bedre. Kjekt å lese bloggen deres. Vi følger med. Høres ut som dere har det bra. Hils kjente.

Liv Aase

Jon Ivar sa...

Hei der oppe i nord. De er hjarteleg velkomne ut, vi har plass til mange fleire i medarbeidarflokken. Ellers er vi redd for at badesesongen nærmar seg pausetid. Om ikkje lenge vil nattetemperaturen sige ned mot 20 grader og i desember enno lenger.... Godt dagane forblir over 30 grader :)

Jon Ivar