Men det er nok mange som er meir takksame for det enn vi. Regnet var absolutt naudsynt. Det ser ut til å kunne bli store avlingar i år. Samtidig har regnet uteblitt i det siste og heile landet treng to store nedbørdagar til. Om dette ikkje blir tilfelle, ser det ut til å bli det største uåret på mange år. Dei snakkar allereie om ei av dei verkeleg store sveltekatastrofane om regnet uteblir.
Fleire kjem til dei kristne og seier dei har større tiltru til den kristne bøna enn den muslimske og at vi må be.
- Kan vi svare noko anna enn JA?
- Kva skjer om det ikkje kjem regn?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar