23. desember 2007

5 år etter

23./24. desember 1999 var det statskupp i Elfenbeinskysten. I 2002 braut borgerkrigen ut.
foto BBC
Den 22. desember var det offisiell innsetjing av nasjonale styresmakter i nordre deler av Elfenbeinskysten. Det vil sei at dei offentlege strukturane no skal vere på plass. Rebellane styrer ikkje lenger, no er det politi og gendarm som er på plass saman med ordførarar og prefectar.

Det var symbolhandlingar i løpet av dagen i går med fjerning av FN postar i den demilitære sona og brenning av våpen.

Det er likevel stor spenning knytt til situasjonen. Rebellane er lova eit slutt oppgjer, kjem dette tidsnok og blir alt utbetalt? Det same gjeld dei mange lærarar, sjukepleiarar osv. som ikkje har fått løn i løpet at 5 år. Kva skjer med alle våpna som er på avveg?
foto BBC
Til no har 4 000 franske og 6 000 FN soldatar helde den ikkjemilitære sona. No skal dei trekkjast tilbake. Det såg eg også på turen tilbake frå Ouaninou for 5 dagar sidan. Då var fleire troppetransportar på veg sørover.

Om lag 5 000 frå hæren og 33 000 frå rebellane reknar ein med skal gjennom eit demilitariseringsprogram. Medan andre rebellar skal innrullerast i den ivorianske hæren. Mange må no finne nytt arbeid. Og det å gå frå å vere sjefar, slik rebellane har vore, til å miste all posisjon er ikkje berre lett.

Vi ber om at det må gå rett veg!


Meir får BBC

Ingen kommentarer: