19. desember 2007

Kirsebær med dei store

I kveld fekk eg gleda av å vera på norsk territorium for nokre timar. Ambassadøren inviterer kvart år nordmenn saman med andre skandinavar og tilsette i norske bedrifter etc til ein samkomst før jul. Det passa slik at den var i kveld før eg reiser tilbake til Bamako etter ein ny og oppmuntrande tur i Elfenbeinskysten.

Det er spennande å vere i denne samanhengen der ein treff så mange frå ulike lag og posisjonar. Ambassade, konsulat, EU, flyktninghjelp, katolikkar, feriefolk osv. Det er både med å utvidar horisonten og gjev rikare innsyn i det som er i ferd med å skje i landet.

I grunnen ikkje så mykje spesielt nytt, men det er mange som reiser rundt om i landet, også i nord og situasjonen går no mot fred. Det er også tydeleg at vi kanskje er for «snille» og betaler «pris de The» (tepris) på kontrollpostane. Det er ikkje naudsynt, mange gjer det ikkje. Dette er dei nye styrkane klar over men prøver seg likevel for å spe på levebrødet.

EU er inne med pengar og pussar opp eksisterande infrastrukturar (klinikkar mm). Det er utfordrande då korrupsjonen i landet er høg, ca 15 %. Landet har hatt svake leiarar frå 1993 og det er med å forsterke den trasige situasjonen.

Alt vel her og no håpar eg flyet ikkje er mykje forseinka slik at eg når å hente Øyvind, Torbjørn og svigers i morgon kveld.

Ingen kommentarer: