7. desember 2007

Solo på bibelskule

I dag fekk eg gleda av å kjøre Mariam og Solo til bibelskulen i Mana. Han startar på det tredje året.

Skulen ligg ca 7 mil sør for Bamako. Den har eit opplegg over 5 år med 5 mnd kurs som går frå desember til april. Det er lagt til tørketida. Då er det ikkje aktivitet på åkeren og folk har difor høve til å konsentrere seg om bibelstudiet.

Fleire av dei som går her blir pastorar eller evangelistar. Mange arbeider i regntida for å ha mat til bibelskuleopphaldet. Sjølve kurset kostar 250 kroner + ca 75 kr i kladdebøker og kulepennar. For mange er det likevel ein mnd løn, lik prisen av 50 kg ris.

Sist vi var saman med Solo var den fatale natta vi vart rana i juni 2001. Han var då nattevakt og var ute saman med Jon Ivar då det vart skote mot dei. Den gongen var han ingen kristen.

Solo er "lillebror" til ein av dei kristne i Ouaninou. Som nattevakt og arbeidar fekk han høyre evangeliet fleire gonger også før misjonærane måtte reise. Då det var snakk om at han skulle gå på bibelskule bad pastor Pierre den i kyrkja som hadde noko å sei om Solo som skulle gjere han uskikka til å gå der, sei ifrå. Ingen hadde noko, dermed begynte han på skulen før jul i 2005.

1. påskedag i år vart han døypt, siste dag på kurset. I oktober i år gifta han seg med Mariam. Ho startar dermed på første året og skal gå saman med han her i tre år. Det er eit ørande liv på skulen, mange har med seg familien så det "kryr" av småungar rundt beina på dei vaksne.

Det var flott å sjå den hjartelege velkomsten han fekk både av tutøren (vertsfaren) og medelevane. Dette er tydleg ein stor kristen familie der dei bryr seg om kvarandre. Vi håpar opphaldet her kan forme denne nystifta kjernefamilien til å bli eit viktig reiskap i Guds arbeid i Toubaregionen. Ver gjerne med å be for dei.

Ingen kommentarer: