16. november 2007

Bamako - Touba - Abidjan

No er eg vel tilbake i den tørre, varme lufta i Bamako etter ein svært innhaldsrik tur til og i Elfenbeinskysten.

Som dei fleste av dåke sikkert veit starta vi med bil for nesten to veker sidan grunna stenging av flyplassen i Bamako. Det gav oss ei flott reise på 1300 km sørover til kysten. Når ein tek flyet tilbake blir ein slått av forskjellen mellom Bamako og Abidjan. Ikkje berre klima, landskap og økonomisk velstand men også ulikskapen, slik eg opplever den, i folkelynne og kultur.

I denne omgang ei oversikt over turen.

Måndag: Bamako – Odienné.

Bl.a. 23 mil på 10 timar og manglande kontrollpost som kunne stemple passa då vi kom inn i Elfenbeinskysten, noko som gav oss hovudbry på resten av turen.

Tysdag: Odienné – Ouaninou

I Ouaninou vart vi møtt med varm velkomst hos dei nasjonale og hadde samtalar med dei kristne der. Vi fekk også samtale med landsbysjefen (trad.) i Ouaninou etter å ha besøkt rebellane og alle husa våre. Vi fekk kome inn i husa i Vatnedalen.

Onsdag: Koonan

Eit møte med dei kristne der og besøk i landsbyen. Vi hadde også med kondolanse til fleire. Også her snakka vi med rebellane og fekk vitje stasjonen. Vi fekk sjå inn i husa men ikkje ta bilde. Møte med dei kristne med fleire i kyrkje i Ouaninou om kvelden.

Torsdag: Dioman og Touba

Vi besøkte begge stasjonane og var inne i husa her. Desse husa er ikkje bebudd av rebellar. I Dioman var vi også med kondolanse til Madamme Samuel.

Fredag: Touba – Yamoussoukro

Vi var innom Campen i Biankouma, radiostasjonen i Man og gjorde avtale om sendingar frå nyttår. Besøk i La Basilique Notre-Dame de la Paix og helsa på krokodillene til avdøde Félix Houphouët-Boigny

Laurdag: Yamoussoukro- Abidjan

Møte i Sicobois, ein av bydelane vi arbeider i i Abidjan. Møte i lokalet vårt og avlyst AIDS-markering grunna regn.

Søndag: Grand Bassam

Turisme og fri etter ei fin samlingsstund om Guds ord ved kjøkkenbordet. Vi fekk slappe av etter mange lange dagar på reise. Stort sett var arbeidsdagane frå 07 – 24.

Måndag: Abidjan

Møte med dei nasjonale på kontoret. Besøk hos radiostasjonen vi sender via i Abidjan, besøk på ambassaden og politiet for å få ordne med stempel i passa. Avlyst AIDS-markering grunna regn (igjen) før vi fekk vere med på alfabetisering.

Tysdag: Abidjan

Overlevering av evalueringsrapport og diverse samtalar. Avreise til Noreg for besøket vårt.

Onsdag: Abidjan

Handling for Narena og diverse anna. Planlegging og samtalar med våre tilsette. Hente besøk frå Sygna og Kvitsund

Torsdag: Vi deler oss.

Eg kom til Bamako etter ei vendereis for reparasjon av flyet medan Bergfrid tok med besøket rundt i Abidjan både torsdag og fredag. Laurdag startar dei på ein to dagars kjøretur til Bamako.

Det er mange som ynskjer å helse til misjonærar og besøk som har vore ute. Mange takkar for forbøn og helser dei kristne.

Eg vil prøve komme tilbake til meir etter kvart.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Spennende å høre fra turen sørover! Er veldig spent på hvordan det blir å se disse stedene selv, om det blir anledning til det mens vi er i Mali...!
Må si at det er spennende å følge med på bloggen deres!

Anonym sa...

Takk for turen. En fantastisk opplevelse. Lykke til videre. kjell