13. november 2007

Det siste og det første

No er vi vel på plass i Abidjan. Saman med Kjell Jaren og Vegard Svensen har Bergfrid og eg hatt ein svært innhaldsrik (og travel) tur frå Bamako til Abidjan. I dag er siste dag med besøket.

På Laurdag fekk vi vere med på "opning" av lokalet vårt i Abidjan. Til stades var mange av dei kristne vi har kontakt med i Abidjan, men også ordføraren i Ouaninou og Sjefen for ein av bydelane vi arbeider i her i Abidjan. Begge mahouar. Det er stort at det vi har her også kan bli kjent blandt folket. Vi ber om at dette blir til velsigning for kristenflokken her.


Meir om reisa etter kvart. 400 bilde og like mange inntrykk skal skrivast ned og sorterast.

Jon Ivar

Ingen kommentarer: