23. november 2007

Husa i Touba

Korleis er det med hus og eigedommar i området er det enkelte som spør om. Bergfrid og Jan Magnus rapporterte om det etter sin tur. Eg vi berre gje eit inntrykk av kva eg opplevde.


I Dioman har husa blitt ribba for elektrisk utstyr og VVS. Skapa er også vekke. Så her står berre råbygga igjen. Dei er i god stand. Husa har tak og himling. Dører og vindu er 90 % i stand. Ser ikkje ut som ein gong termitten har øydelagt veldig mykje. Situasjonen er mykje betre enn eg hadde trudd. Taka er heile, nokre stader manglar himling (innertak) men det er ikkje den store jobben.


I Touba er huset meir ribba. Her er dei bølgjeblekkplatene som vart fjerna erstatta. Elles er huset her meir ribba for vindusglas og skap. Garasjen er heilt ribba. Men også dette huset er greit å setje i stand. I dag bur André her, han er svoger til pastor Pierre (konene deira er søstre). Her har dei også teke vare på ein god del bøker frå DNS (skulen til dei norske borna) og noko anna litteratur samt litt møblar frå husa som var leigt i Touba. Saman med det som er berga i Ouaninou har vi nok til å utruste eit eller to hus i området. Noko av inventaret rekk til fleire hus.


I Ouaninou er det også bra med husa. Her har vi ikkje vore inne, utanom i Vatnedalen. Tomtene er delvis overgrodde, men det er ikkje noko stor jobb å få det i stand igjen. Husa ser også her heile ut. Sidan desse husa er bebudd av opprørarane er det installert litt nye dørlåsar og slikt. Dei blir også hard bruk, men ikkje slik at dei blir øydelagt.


Koonan er også «okkupert» av opprørarane. Vi fekk sjå inn i opphaldsromma men ikkje soveromma. Også her har mange familiane sine heime i landsbyane. Dvs stort sett aust i landet. Dei fleste er unge idealistar som kanskje ikkje heilt ser korleis dette vil ende for dei. Trur nok dei blir skuffa over utfallet til slutt. Noko som kan gje grobotn for meir misnøye. Verkar som det er få lokale som er med i «hæren»


Felles for alle plassane er at tom gjerde har fått stå i fred og portane er på plass. Opprørarane er klare til å forlate husa våre etter det som blir sagt til oss. Det er også samanfallande med det som blir sagt offisielt i landet. Dei er i det heile litt på vikande front. Dei må stadig ta til takke med dårlegare forhold medan dei offisielle styresmaktene kjem tilbake i stadig større grad.


Husa treng riktig nok eit strøk måling eller to, men det ville dei har trengt uansett om dei hadde stått tomme også. Nye dørlåsar og elektriske leidningar osv så kan vi ta dei i bruk. Vi fekk ikkje lov å ta bilde i Ouaninou og Koonan. Har difor stort sett berre bilde teke på avstand.


Vi var også innom Campen. Det hadde ikkje gått utan tolmod, firehjulstrekk og krabbegir. Plassen og misjonærane der har betydd mykje for vår misjon. Men få kjenner kanskje til plassen. For spesielt interesserte ligg det litt meir her.



Vil du ha meir detaljar om noko får du legge inn ein kommentar eller skrive ein e-post.

Ingen kommentarer: