16. september 2007

Dei som sår med tårer ...


skal hauste med glederop! Står det i Salme 125 v. 5

No er eg vel framme i Abidjan. Byen og landet vi forlet med tårer for snart seks år sidan. Smerten kjem tilbake her eg er aleine på gjestehuset. Dvs ikkje heilt aleine er eg ikkje, for i 1. etg er pastor Pierre og kona. Men det tel på ein måte ikkje. Gjestehuset brukte å vere fult av liv. Besøk og misjonærar på ferie og handletur er det vi forbind med denne plassen. Romma, takterassen, arbeidarane, lydane av siriss, klimaet, luktene, musikken i gatene og ikkje minst folket vi ynskte å nå med Guds frelsesverk. (Seinare budde fleire meir eller mindre fast på gjestehuset til ein igjen måtte reise (evakuere), men det var ikkje vi ein del av.)

Snart skal eg få treffe fleire av arbeidarane vi var saman med gjennom fleire år. Det følest urettferdig med all den smerte som vi har kjent på i desse åra. Kvifor veit vi ikkje, og når vi kjem til himmelen trur eg nesten det blir gløymt i den herlegdommen vi får møte der. Og det er vel på ein eller annan måte for at vi og flest mogleg med oss skulle få oppleve nettopp det, at vi måtte reise.

Å vere tilbake kallar fram mange gode minner, tenk om vi kunne fått gjenoppleve nokre av dei mange gode stundene vi hadde her, på nytt......... Samtidig kjem tankane på det som vart gale og som kanskje var med å gjere vegen til herleg frelse lenger for nokon. «Smerten og gleden de vandrer til hopes» står det (sitert etter minne) i ein song eg kjenner meg igjen i. Det er ein framtredande del av misjonærlivet. Med tanke på det eg har opplevd, JA, men i ENNO større grad på dei mange vi har vore saman med gjennom dei åra vi har fått vore her ute.

No er det ikkje berre vi misjonærar som har reist frå Touba, pastor Pierre er her for å pleie helsa (for tida streikar legane så det går litt seinare enn det kunne ha gjort) og Samuel i Dioman reiste til himmelen i sommar. Er det nokon som kan gå inn der etter han? Enok er ein vi skal snakke om og med i høve til det.

Samtidig kjem vitnesbyrda om dei som er herleg frelst og som no, enno betre enn før, ser kva det kristne livet og vitnesbyrdet er. Så det er mykje å takke for òg midt oppe i smerten. Kanskje får også vi vere med på å hauste med glederop.................

Jon Ivar

Ingen kommentarer: