22. september 2007

I dag blir det feira.......

Med 34 grader i skuggen (berre 32 inne), 80 % RF og utan den sterkaste sola skulle det ligge godt tilrette å feire at 55 år etter Norge vart Mali heilt sjølvstendig. I dag feirar landet 47 år i uavhengigheit. Mali var eit av dei første landa som blei fri frå kolonistyret i 60-åra.

Det er opptog, flagg i store deler av byen og fleire arrangement. Det pregar også TV der presidenten hadde tale. No viser dei frå feiringa i Paris i fjor. I kveld håpar vi på fyrverkeri.

Landet har ei stolt historie. Mali er eit av verdas gamle dynasti med store rikdommar. Soundiata Keïta (1190 - 1255) var malinké og vert rekna som grunnleggjaren av Malinkériket. Historia om han og etterkomarane er blitt fortalt av griotane gjennom århundra og er vel kjent. Malinkéane har styrt landet frå 7 hundretalet. Stordomstida var frå 1235 og varte utover på 1300 talet.

Kangaba (nabokommunen til Narena) var truleg «hovudstaden» for det gamle Malinkériket.

Rikdommen er tydeleg gjennom kong Mansa Musa si pilegrimsreise til Mekka i 1324. På turen hadde han med seg 60.000 i fylgjet, derav 12.000 slavar, alle kledd i brokade og Persisk silke. Med på turen var også 80 kamelar med til saman over 10 tonn gull. Han hadde også ambassadørar i blant anna Egypt og Marokko. Etter pilegrimsreisa fekk han bygd den store moskeen i Timbuktu.

Under pilegrimsreisa hadde han ein stopp for å handle i Kairo. Her brukte han så mykje gull at devalueringa som kom av dette, prega gullverdien 12 år etter.

Dagen i dag blir feira både her og i andre land som Norge og Frankrike. Bilde fekk vi ikkje, verken av samlingar eller lynet som laga fint fyrverkeri i kveld. Irene er på kvinneretreat og eg er aleine med H & H. Trafikken er omdirigert så det er vanskelg å komme fram også. 17. mai stemning med andre ord.

Då Irene kom heim kunne ho fortelje at taxisjåføren sa at det hadde vore mindre feiring i år då dagen kom midt i Ramadan. Han sa og at feiringa av nasjonaldagen hadde vore prega av uroa nord i landet, som har blussa opp igjen og halde på no ein månads tid. Folk som skal ut og kjøre på hovudvegane i området rundt Mopti og nordover til grensa til Burkina Faso, må kjøpe med seg ein soldat i bilen for 4000 fca (50 nKr), etter kl 18, for å kunne ta evt landeveisrøvere der nord. Dette gjeld både misjonærar og nasjonale, fortalde tyske og amerikanske misjonærar som bur i området i dag. Ingen busser kjører utan soldatar etter kl 18, og det er ikkje lov å kjøre før kl 06.00 om morgonen. Heldigvis merkar vi ikkje noko til denne uroa her sør.

Jon Ivar

Ingen kommentarer: