11. september 2007

Forsamlingslokale i Abidjan

Etter lang tids søken har evangelisten vår i Abidjan, Issiaka Sanogo, funne eit lokale som vi sjå på om kan egne seg som forsamling s lokale i Abidjan. Det er vi svært glade for :) Det blir spennande å sjå, lokalet ligg i Youpougon, ein bydel vi har kjørt gjennom/forbi på alle turane mellom feltet i Elfenbeinskysten og Abidjan og ein bydel der det bur mange mahouar.
(foto: http://souvenirs-de-mer.blogdns.net/IMG/jpg/abidjan2.jpg)

Dei siste dagane har eg difor brukt ein del tid på å få ordna visum. Meininga var å reise i morgon, men eg fekk ikkje visa i dag som lova og tek ikkje sjansen på at eg får det før flyet går i morgon. Håper eg får endra biletten. :)

Målet med turen elles er samtalar med dei nasjonale og oppfølging av dei. Det gjeld administrasjon, økonomi, evangelisering og dei som personar. Møte med dei nasjonale som står midt oppe i arbeidet er viktig. Håpet er at vi kan vere med å inspirere og hjelpe dei framover.


Dette er difor også noko eg vil gje dåke som eit bønnemne. Be om visdom i møte med dei utfordringar som ligg føre. Be også om visdom til å ta gode val i høve til lokalet. Dette blir dermed også eit val for kva område av byen vi skal satse på.


JonIvar

1 kommentar:

Elisabeth og Jostein Sæth sa...

Dette høres jo kjempespennende ut.

Her er det rett i arbeid, skjønner jeg :-)

Blir spennende å se hva du finner ut av i Abidjan. Vi gleder oss til å høre nytt og til etter hvert å ta det hele i øyensyn.

Bon voyage et que Dieu te benisse!

Jostein