13. september 2007

Kalender

Vi har prøvd å lage ein liten kalender med viktige ting som skjer her ute. Det meste av dette er vi med på, andre kan det vere andre misjonærar eller kristne forsamlingar som har. Dette kan du også ta med som bønneemner.

Akkurat no er det ein kampanje her i byen der Jesusfilmen blir vist ca 30 plassar kvar kveld. Dette skjer over 10 dagar, over 300 visningar i friluft. Lokale kyrkjer i heile byen er med og står klar for å fange opp dei som blir kalla og ynskjer å ta steget til å bli nærare kjent med Jesus.

Jon Ivar

Ingen kommentarer: