21. september 2007

Pastor Pierre

Mange av dåke har høyrt oss snakke om han. I vår siste periode i Elfenbeins- kysten kom han frå ei nasjonal kyrkje i Abidjan og starta som pastor hjå oss. Sidan misjonærane reiste frå Touba området har han vore ein sentral person i arbeidet blant mahouane. Han er sjølv frå Dogon i Mali og har ein del år på bibelskule og erfaring som pastor i Abidjan.

Han er eit utprega bønnemenneske og fastar mykje. Det gjer også fleire i den kyrkje han kjem frå. Nokre av desse har også besøkt oss i Ouaninou og Koonan.

Mange i området ynskjer nok at kyrkja skal gå til grunne. Difor er det vanskelg å forstå at Gud let han bli sjuk og at Samuel skulle døy. Samtidig har Pierre etter beste evne søkt å oppmuntre dei nasjonale til å halde fram i trua om også han skulle døy.

No er det gledeleg å kunne sei at han er erklært frisk! :) Men det betyr ikkje at han er fullt ut funksjonsdyktig. Han har eit kosthald for å redusere blodtrykket og har mykje trening før høgre arm og fot fungerer opp mot optimalt. Sidan høgre sida blei ramma har han ikkje kunne skrive, og han kan framleis ikkje ta folk i handa på vanleg måte. Han har difor ein lang veg å gå enno, blant anna for å kunne førebu preiker. Eg ser han les mykje i bibelen, mange ringer frå Ouaninou og folk frå Abidjan kjem innom.

Eg har også fått vete at det er personar i Ouaninou som seier dei har kasta trolldom over han og at det er grunnen til sjukdommen. (Pierre fekk slag 1. påskedag, rett før han skulle i kirka.) Det vil difor vere eit stort vitnesbyrd om ein frelsar og lekjar om han kan få komme tilbake dit. Han skal gå på opptrening i Abidjan ein månads tid framover. Etter planen reiser han tilbake til Ouaninou i midten av oktober.

Dette minner meg om Job som også opplevde ei tid der ting, familie og helse blei teke frå han. Pierre er verken rik, har også mista eit av borna medan fleire i familien har vore svært sjuke. Han har likevel ikkje svikta Gud. Det er eit stort takkeemne. Vi ber om at han og arbeidet må bli velsigna.

Jon Ivar

Ingen kommentarer: