17. september 2007

Endeleg i hus!

Søndag var eg med for å sjå lokalet som Issiaka har funne sik at det etter kvart kan vere ein samlingsplass i denne bydelen som det bur ein del Mahouar i.

Det er stort at dette no endeleg ser ut til å kunne bli noko av. Abidjan som satsningsområde har vore snakka om på konferansar før vi kom ut i 1993 og strategiar har vore laga. Men dette er likevel ikkje det einaste samlingspunktet i byen. Issiaka prøver også å få lånet eit rom i Trechville for ei cellegruppe der. Mamadou, ein av brørdrene til Vatoba (som mange veit kven er), er ein av dei trufaste kristne som bur i denne delen av Abidjan.

Då vi kom til Elfenbeinskysten i 1993 vart det sagt at det var om lag 2 millionar innbyggjarar her. I 2002 vart det snakka om 4 millionar. No er det 8. Altså ei firedobling på 14 år. Innanfor ein radius på 1 times kjøring har vi difor nå neste det dobbelte av Noregs befolkning. Radioarbeidet er difor viktig. Men det er er også viktig å kunne samle dei som ynskjer å vere med i eit kristent fellesskap for å dele Guds ord og be saman.

Tilbake til Yuppogon. Lokale er det ikkje lett å finne når ein fortel kva det skal brukast til. Fleire gonger har vi fått nei for å leige til forsamlingslokale. Huseigaren som eig dette huset er ein kristen. Lokalet skulle eigenleg bli butikk for sal av drikke. Men sidan dette er ein fattig bydel, vart planane gjevne opp. Lokalet ligg like ved ein skule og ikkje langt frå hovudvegen. Slike er det også lett å indikere det for dei som ynskjer å komme. Det er heller ikkje vanskeleg å finne transport.

Etter den fire timar lange festgudstenesta reiste difor Mamadou, Jacques, Pierre og kona, saman med meg for å sjå på lokalet. Dei var alle begeistra for plassen. Det gjev meg også ro for at her kan vi starte. Vi fekk ha ei bønnestund her der vi la dette i Guds hender. Før det blir teke i bruk vil fleire frå bambarakyrkja komme å legge dette fram for Gud i faste og bøn. På denne måten trur vi det vil bli ein Herrens reiskap for å nå mahouane (og andre) her i byen.


Jon Ivar

Ingen kommentarer: