30. september 2007

Bursdag

Misjonærlivet er ikkje berre arbeid. Vi prøver også å prioritere familien og litt sosialt liv. I dag var vi å feira Isak som var 4 år. (Det gjekk utover Kjersti som også feira dagen sin i dag.)

Familien til Isak er her ute for Normisjon. Dei har vore her sidan 1998. Gutane deira har gått i fransk barnehage, så Bendik (6 år) starta på fransk skule i haust. Hanne og Håvard har bl.a difor ikkje treft dei før i dag. Å få leike "på norsk" er kjekt.For oss vaksne er også slike kontaktpunkt kjekke, vi har funne andre vi kan ha ein spelekveld saman med. Dagane kan fort bli fylte med det travle og viktige. Utan luftepauser vil vi likevel ikkje halde ut lenge.

Slike hendingar gjer også at vi blir kjent med misjonærar frå andre delar av landet som er i Bamako for kortare eller lengre opphald.


Jon Ivar

Ingen kommentarer: