16. september 2007

Ein lang og innhaldsrik dag ligg bak........

Det vart lite tid til mat i dag, øyrene har ein travel dag bak seg, 13 timar på eit framand språk utan pause tek på. Eg har fått lange samtalar med Jacques og Issiaka som arbeider her i Abidjan og pastor Pierre som er her grunna slaget han fekk i påska.

Det er flott å få møte dei igjen. Håper eg er i stand til å gje dei oppmuntring og forbøn for å stå vidare i dette viktige arbeidet. Det å skulle vere den som står dei nærmast no ei tid framover seg eg på som ei stor oppgåve. Så gjerne eg skulle kunne fått delt denne opplevinga med dåke. Det er sant og vist mange torner på vegen man så er det også mykje herleg også.

Den største utfordringa eg fekk i dag var ynskje om at eg måtte vere ein pastor i samtale med nasjonale evangelistar og andre og mindre administrator. Inga lita utfordring for meg som ikkje har sett på meg sjølv som pastor men heller nettopp som ein administrator. Sidan eg har fått tildelt ansvaret for det evangeliske arbeidet her i Elfenbenskysten er det likevel noko av det viktigaste eg har å gjere. For meg er det også stor tillit som blir vist meg når dei nasjonale kan sei slikt ope til meg. Be gjerne spesielt om at eg må kunne få vere det for dei som dei treng aller mest. Samtid ser eg trongen for ei god leiaropplæring også på det administrative planet.

Det gjer godt å høyre om dei som har kome enno eit steg lenger i si kristne tru og som no gjev eit godt vitnesbyrd. Samtidig er det vondt å høyre dei som har snudd Jesus ryggen. Likevel ser vi at fleire likevel kjem til dei kristne for å be om forbøn når det røyner på. Det som vel kanskje undrar meg (og pastor Pierre) mest er dei mange kristne kvinnene som ikkje går i kyrkja. Mennene går men ikkje kvinnene. Dei er gjerne med på bibelkurs og har stor kunnskap fleire av dei. Det er ei gåte og eit stort bønnemne.

Søndag skal vi til huset vi har fått leige. Det gler eg meg til. Kanskje kan det etter kvart bli ei mahoukyrkje her.

Jon Ivar

Ingen kommentarer: